« Tilbake til Ledige stillinger

Joker Skei i Jølster søkjer butikksjef – noko for deg?

Joker Skei i Jølster søkjer butikksjef – noko for deg?

Vårt slagord er Joker – Den gode naboen. Det er fordi gode naboar og godt naboskap er positive omgrep for oss alle.
Vi søker deg som vil jobbe hos den gode naboen, du må bry deg, hjelpe til, like å slå av en prat og være en pådrivar for det gode naboskapet.

 Joker Skei i Jølster søkjer butikksjef

 Nokre sentrale arbeidsoppgåver:

  • Jobbe for å bli den gode naboen i lokalmiljøet til butikken
  • Drifte butikken i tråd med profilen og driftskonseptet til kjeda
  • Budsjett- og resultatoppnåing i butikken
  • Oppfølging av sal, bruttoforteneste og kostnader
  • Motivere og utvikle medarbeidarar gjennom godt leiarskap
  • Personalleiing, rekruttering, opplæring og utvikling

Ønska kvalifikasjonar:

  • Du har gjerne leiarerfaring og er ein god rollemodell for medarbeidarane dine
  • Du er opptatt av service og eit godt naboskap
  • Butikkerfaring er ein fordel, men ikkje ein føresetnad
  • Du er resultatorientert og har forståing for nøkkeltal
  • Du har stå-på vilje, godt humør og er serviceinnstilt
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Gode samarbeidsevner og godt humør vil hjelpa deg å lykkast i jobben.

Vi kan tilby:

  • Ein sjølvstendig leiarjobb med faglege og personlege utfordringar
  • God opplæring
  • Konkurransedyktige vilkår og bonus i samsvar med avtale
  • God hjelp frå driftsapparat og servicekontor med sterk fagkompetanse
  • Forsikrings- og personalkjøpsordningar

Vi kan gjere bakgrunnskontrollar frå Semac AS ved rekruttering til butikkane våre.

Vi ser fram til å motta søknaden din via søknadslinken!

Joker-kjeden er NorgesGruppen si profilkjede for nærbutikkar. Kjeden består av ca. 460 nærbutikkar spreidd over heile Noreg. Merkevara Joker blir forvalta og drifta av Kjøpmannshuset Norge AS som er NorgesGruppen sitt største profilhus. Joker er den lokale butikken både der folk bur og ferierer, og vi er den kjeden som har mest søndagsopne butikkar. Vi er møteplassen i byen og på bygda. Vi var først med å løfte fram kjopmennene som våre fremste talspersonar, og vi meiner at kjøpmennene våre og deira tilsette leverer personleg og god service kvar dag.