Tilbake til ledige stillinger

Mekanikar/Driftsteknikar søkjast til Bakehuset Tunold

Bakehuset Tunold søkjer ein sjølvstendig og proaktiv medarbeider i 100% stilling, som kan jobbe både åleine og i team. Bakeriet har røter tilbake til 1924 og held til i Øyane industriområde på Nordfjordeid. Vi er 35 ansatte og vi leverer brød og kaker 6 dagar i veka til dagligvarebutikkar på Sunnmøre, i Nordfjord, Sunnfjord og i Sogn. Du vil få høve til å ta del i spennande og varierte arbeidsoppgåver, der evna di til å tenkje kreativt og handle raskt blir sett stor pris på. Hos oss bidreg du til ein kultur der samarbeid og innovasjon står i fokus, samstundes som du får utvikle eigne ferdigheter.

Kunne dette vært noko for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Arbeids- og ansvarsområde:

  • Førebyggjande og dagleg vedlikehald av produksjonsutstyr
  • Reparasjonar og prosjektoppgåver
  • Koordinering ved innleige av eksterne leverandører teknisk.
  • Deltakelse i leiargruppe
  • Stillinga inngår i rullerande vaktordning

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som mekanikar/landbruksmekanikar eller annan relevant kompetanse
  • Gjerne erfaring frå produksjon, prosess/næringsmiddel eller verkstadsdrift
  • Grunnleggjande PC-kunnskapar

Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel, ryddig og serviceinnstilt
  • Gode samarbeidsevner
  • Trivst i eit hektisk og dynamisk miljø med fokus på forbetringsarbeid
  • Beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg

Vi tilbyr:

  • Gode betingelsar
  • Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hyggjeleg arbeidsforhold i eit uformelt miljø

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte Bakerisjef, Åge Kassen, mobil 474 42 217 eller email age.kassen@bakehuset.no

Søknader vurderes fortløpende.

Bakehuset AS er Norges ledende og største bakehus, bestående av 11 lokale, tradisjonsrike bakerier i Sør- og Midt-Norge. Årlig omsetning er på ca. 2 mrd NOK og bedriften har ca. 1 000 medarbeidere.